22. des. 2011

ENDELEG!

Kommunestyret i Sula kommune gjekk i møtet 15.12.2011 inn for å løyve kr. 767.000 til prosjekt "eksempelbibliotek". Det har vore jobba hardt i budsjettarbeidet av fleire denne hausten for å få dette til - men til sjuande og sist er ein sjølvsagt avhengig av politisk vilje for å nå dette målet. No gler vi oss over å ha nådd denne "milepælen" etter eit og eit halvt års venting!
Det var det nok verdt, men det har vore ei lita utfordring å halde "trykket" og engasjementet oppe i denne perioden då alt på ein måte vart sett på vent.
Vi har erfart at kommunale prosessar tek tid. Prosjektet har nok også vakse seg mykje større enn det som vi opprinneleg søkte om frå fylkesbiblioteket.
Nokre praktiske ting har vi likevel fått gjort i ventetida: vi har kjøpt inn og tatt i bruk nytt datasystem (Mikromarc3) og bestilt inn noko av det inventaret som skal på plass. Biblioteket vil kvart år frå 2010-2012 bruke kr. 50.000 av eige budsjett til inventar.
Vi vil rette ei stor takk til alle som har vore med på ulike måtar i prosjektet gjennom 2011!
GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!

13. okt. 2011

GLADMELDING OM UNIVERSELL UTFORMING

For to veker sidan fekk vi denne gladmeldinga frå Fylkesbiblioteket:
Plan- og analyseavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort slikt vedtak:

Møre og Romsdal fylkeskommune v/plan- og analyseavdelinga løyver Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal eit tilskot på inntil kr 100.000 til prosjektet "frå stempel til eksempel".

Tilsagn om tilskot på inntil kr 100.000 frå plan- og samhandlingsmidlane til Fylkesbiblioteket og prosjektet "frå stempel til eksempel" vil gi oss nye mulegheiter til å satse på universell utforming av biblioteket.
                                                                                                                                                                                                                                                               
Vi ønsker å legge betre til rette for universell utforming for slik å forme biblioteket til å vere ein møteplass og eit tilbod til alle.  Endringar når det gjeld bygning, interiør og inventar som skal til for å legge til rette for ei universell utforming vil sjølvsagt ha konsekvensar for kostnadene. Med eit slikt tilskot aukar mulegheitene våre til å få realisert dette. Vi treng m.a. ei ny inngangsdør til biblioteket med automatisk opning, nye og gode skilt, ledelinjer m.m.

Og sist men ikkje minst:
Fylkesbiblioteket har også i sin søknad sagt at det er eit mål å gjere Sula bibliotek til eit pilotbibliotek i fylket også i høve universell utforming.



















 

RESULTATA AV SPØRREUNDERSØKINGA

Med god hjelp frå plan- og analyseavdelinga i fylket, vart det gjennomført ei brukarundersøking ved hjelp av questback på internett sommaren 2011.

Sula bibliotek fekk inn svar frå 110 respondentar. Undersøkinga kan dermed ikkje bli sett på som veldig representativ , men den gir ein peikepinn på kva nokre fokusområder som vi vil ta med oss i det vidare utviklingsarbeidet.

Om lag 2 av 3 som svarte på undersøkinga var i aldersgruppa 30-66 år. Resten var i hovudsak under 29 år. Nærare 80% av respondentane var kvinner.

Litt overraskande var det at nærare 20 % svarte at dei ikkje hadde lånekort. Dei såg ut til å dele seg jamt på å svare at dei brukar biblioteket utan lånekort eller ved berre å svare "nei".

Ein svært liten andel syntes tilboda var dårlege. Andelen som seier: "veit ikkje /inga meining er gjennomgåande høg, unntaket er vurderinga av vaksen skjønlitteratur og service. Det scora høgt.
Service scora høgast, heile 86 % av respondentane vurderte dette tilbodet som "svært bra"!

Dei tilboda som respondentane har minst kjennskap til eller ikkje vil vurdere er: musikk cd, aviser, pc-bruk og trådlaust nett som omlag halvparten seier dei har "inga meining" om eller "veit ikkje."

På ope spørsmål om det er særskilte tider repondentane ønsker å bruke biblioteket, er det to klare tendensar; etter arbeidstid /kveld og i helgane, (mest laurdag).

Respondentane sine svar vekslar vidare mellom ønske om betre utval innan einskilde tilbod, og ulike arrangement, og nokre ønsker av både teknisk og praktisk art. Eit eksempel er varsling per e-post når innleveringsfrist nærmar seg og høve til å sjå film eller høyre på lydbøker med høyretelefonar.
Ein del ønsker også arrangement med forfattarar på besøk eller liknande, særskilt retta mot barn for å stimulere leselyst.

Når biblioteket spurte kva dei kunne gjere for å bli meir attraktivt for brukarane er det derimot langt fleire svar og klarare tendensar. Ønsket om lengre opningstider kjem veldig tydeleg fram her. Det største potensialet til forbetring for biblioteket ligg i opningstida, ser det ut til.

Bruken av biblioteket si heimeside, facebook-side og nett-tenesta "Meg og mitt" ser også ut til å vere eit område der det ligg eit potensiale for biblioteket. Mange seier at dei ikkje har noko meining eller veit ikkje" knytt til desse sidene. Det kan skuldast at andelen under 30 år er relativt lav blant respondentane, og at få kjenner til desse tenestene.

**********************************************************************************

Vinnar av presentkort på kr. 1000  er no trekt, og den heldige vinnar vart Morten Ugelvik frå Langevåg. Vi gratulerer!

**********************************************************************************



BUDSJETTARBEID

Rett før  ferien fekk vi i eit møte med rådmann og leiar for PBD-avdelinga beskjed om at bygningskostnader må inn i det ordinære budsjettarbeidet, og det er det vi har jobba mest med sidan sist.
Vi prøvde å få midlar til prosjektet også i fjor i budsjettbehandlinga, men då vart det ikkje prioritert. Når vi no gjekk inn i dette på nytt, har vi basert oss på kostnadsoverslaget frå firmaet Olset. Etter drøftingar vart det no også bestemt å ta med kostnader for nytt golvbelegg og belysning, og det fører sjølvsagt til auka kostnader til det bygningsmessige.
Kostnadene er no lagt inn i økonomiplanen for biblioteket under nye tiltak, men vi må vente heilt til kommunestyret sitt møte i desember for å få svar på korleis dette går. Vi er optimistar!
Vi har altså fått erfare at prosessen har vorte både lenger og meir omfattande enn vi først trudde, men slik er den kommunale kvardagen. Ressursane er knappe, og vi må kjempe om dei på lik line med andre. Dette er ei utfordring - og ei utfordring som vi må ta.

6. juli 2011

Sommartid!

Kva gjer ein når ein har eit bibliotek med tomme hyller???
Fyller dei med bøker med framsida ut, slik at vi kan friste til lån!
GOD SOMMAR!

21. juni 2011

Kva skjer no?

Pr. 16.06.11 var det 84 innkomne svar på brukarundersøkinga vår. Det er i minste laget, så vi gjorde eit ekstra "framstøt" med ny annonse i lokalavisa, og håper at det vil bidra til fleire svar.

Firmaet Olset jobbar no med å rekne ut kostnadsoverslag for endringar i lokalet, alt frå golvbelegg til ny inngangsdør mm. Utifrå det vil einingsleiar for kultur i kommunen lage ei sak som skal opp til politisk behandling, i håp om å få ei ekstraløyving til prosjektet.

Fylkesbiblioteket har søkt om regionale utviklingsmidlar til prosjektet, og vi ventar spent på svar derifrå.

I mellomtida ryddar vi  - både med kassering av bøker og andre ting. Vi har lagt fram hundrevis av biletbøker for salg, og det har vore populært.

No er det sommartid og litt "stillstand", men det er håp i hengande snøre!!!

31. mai 2011

Sula bibliotek skal utvikle seg!

Plan- og analyseavdelinga i fylkeskommunen har hjulpe oss med å utarbeide ei spørreundersøking.
Her kan du sjå litt meir om korleis den ser ut:

"Dette er ei undersøking både til bibliotekbrukarane våre og til dei som ikkje er det. Vi er interesserte i å finne ut kva som vil få akkurat deg til å besøke biblioteket på Sula.
Det er sjølvsagt frivillig å svare på undersøkinga, og alle svar blir behandla konfidensielt.

Av dei som svarer vil det bli trekt ein premie,  eit presentkort på kr. 1000!
Vi håper at du vil bruke 3 minutt på oss, for vi likar deg!
Klikk på lenka under, og bli med!"
https://web.questback.com/mreogromsdalfylke/uzzgjiaxag/

Vi har informert om den i lokalavisa Sulaposten, på kommunen og biblioteket si heimeside, på facebook-sida til biblioteket og ved plakat på skranken i biblioteket. I tillegg har vi sendt den ut på e-post til barnehage- og skuletilsette samt oppfordra elevar ved ungdomsskulen til å svare (via rektor).
No er vi spente på kor mange svar vi vil få.

Vi har ein plan!

15. april var det nytt prosjektmøte med interiørarkitektane til stades, og vi var veldig spente på kva planløysing dei ville foreslå.

Dei hadde tatt utgangspunkt i mest mogleg gjenbruk av hyller.Hylleplasseringa var ikkje så heilt ulik dagens løysing, men dei hadde "rydda" litt for å få naturlege linjer og også med tanke på betre universell utforming.

Dagens kontor og skrankeareal er tenkt flytta til bakre del av lokalet, slik at publikum skal kunne nyte lys og utsikt ved dei store glasvindauga. Her var det foreslått fleire gode sittegrupper.

I barne- og ungdomsavdelinga var det heilt nye tankar. Det var teikna inn ei stor og oval "bokhole"/scene midt i rommet, med benkar og biletbokkasser på utsida, pluss eit amfi til å sitte på i eine hjørnet av rommet.

Elisabeth fekk sjokk då dei foreslo å male den største veggen i lokalet oransje! Vi har ein del oransje hyller i biblioteket vårt, og desse var dei vi ønskte mest av alt å få fjerna, fordi dei minner oss om 80-talet. Nye auger ser imidlertid nye mulegheiter, og bra er det. Men slike drastiske forslag må nok modnast litt...

Golvbelegget er ikkje fint, og det vil bli fleire "sår" når ein skal rive veggar, så det er absolutt ønskeleg å få nytt dersom økonomien tillet det.

Dagane går, og så vart det vår...

25. mars hadde vi prosjektmøte med firmaet Interiørarkitektane.no ved Benedikte Holmberg og Aslaug Marit Øyehaug. Vi la fram planane våre, og fekk så avklara kva dei kunne tilby oss av tenester. Vi såg på det som ønskeleg og nødvendig å få profesjonell hjelp til utarbeiding av planteikning, interiør- og fargeval.
Interiørarkitektane kom i etterkant av møtet med eit pristilbod for sine tenester, og i samråd med fylkesbiblioteket vart det bestemt å engasjere desse i det vidare arbeidet.

Siste kasseringsrunda med bistand frå fylkesbiblioteket var 4. april, og 6. april vart den "proppfulle" containaren henta. Hittil i 2011 har vi kassert omlag 23% av samlinga vår, altså omlag ein femtedel. Vi har kassert videoar (VHS) og lydbøker på kassett, faglitteratur og skjønnlitteratur for både barn og vaksne - og maaaange biletbøker. Vi prøvde å selge VHS for kr. 5 både her på biblioteket og på ein marknad under Suladagane, og restopplaget gjekk til ein loppemarknad. Biletbøker sel vi no for kr. 1 på biblioteket, og det går unna etterkvart.

11. april var vi så heldige å få reise på studietur til Skodje bibliotek ilag med resten av kultureininga i Sula kommune. Vi fekk omvisning i Gomerhuset i Skodje kommune, og for oss bibliotekfolk var det særleg biblioteket som fanga vår interesse. Sidan dei har hatt same interiørarkitekt som vi no har valgt, så var det ekstra spanande å sjå løysinga som var valgt der. Kari Bigum Kvernberg fortalte om både gode og mindre gode erfaringar med det "nye" biblioteket - som vi sjølvsagt legg på minnet i vårt arbeid.

22. mars 2011

Klar for ny inspirasjon - studietur til Vestre Toten folkebibliotek

Heile personalet vårt pluss einingsleiar for kultur og to frå fylkesbiblioteket var klar til studietur 1.mars. Etter tips frå Rachel Van Riel fall valget på Vestre Toten folkebibliotek i Raufoss. Dei har vore igjennom ein utviklings- og fornyingsprosess, men med eit budsjett på omlag 5. mill. kr. Kommunen har rundt 13.000 innb. mot våre 8.000, og litt over 4 årsverk på biblioteket, som er ein god del meir enn vi rår over (2,35 årsverk fordelt på to avdelingar).
Arealet på biblioteket var på 450 kvadratmeter, omlag på storleik med Sula bibliotek. Det var difor lett å "samanlikne" seg med dei. og det gjorde også at nytteverdien for oss var stor.
Vestre Toten folkebibliotek har endra fokus frå rutiner til brukarorientering, og dei tilsette får jobbe med det dei er god på i større grad enn før.
Dei stilte seg spørsmåla: kva skal vi endre? Kva er det vi vil? Dei likte godt brukarorienteringa i "Opening-the-book"-tankegangen, og bestemte seg for å satse på det.

Dei har delt inn biblioteklokalet i flytsoner (der det går fort) og komfortsoner - der ein kan sette seg ned og trekke seg tilbake. I sitt prosjekt kasserte dei 25% av samlinga.
Ved kassering har dei hatt eit fokus på å behalde både breidde og kvalitet, og ikkje berre det som har vore utlånt siste 5 åra t.d.
Erfaringane deira viser at kategoriserte fagbøker har mykje større omløp enn dei andre.
Av skjønnlitteratur hadde dei følgande kategoriar: krim og spenning, klassikarar, fantasy og underhaldningsromanar.
Av fagbøkene var desse kategoriane valgt: Bygg og bo, data, hage, mat&drikke, fest, håndarbeid, foreldre&barn, kropp og sinn.
Innanfor musikk og dyr hadde dei sett fagbøker for både barn, ungdom og vaksne saman.
Dei manglar magasin - men hadde løyst dette på ein fin måte ved å ha arkivreolar på hjul inne i sjølve utlånslokalet.
Alt inventaret er nytt, både reolar og møblar. - Og veldig stilig!
Skiltinga var enkel og plassert oppe på reolane, pluss eit mindre skilt på sjølve hyllene.
Ny inngangsdør i glas hadde vore heilt avgjerande for dei for å opne opp inn til biblioteket.
Dei fortalte også at ordførar og kultursjef hadde vore med dei på tur til England for å bli "overbevist" og begeistra, og for å få eigarforhold til prosjektet. I ettertid er dei stolte av biblioteket sitt og viser det gjerne fram når dei har "delegasjonar" på besøk. Og no var det altså vår tur til å ta eit nærare blikk på det.

Kom og bli med oss inn i biblioteket ein tur:


Her er vi på veg inn døra til Vestre Toten folkebibliotek - open og fin inngang!
Eksponeringshyller frå "Opening the book" som skal friste til lån. Desse kan vi også anbefale!



Ein raudmala vegg bak skranken kvikkar opp lokalet.

Reolane var grå med frosta endar - noko som ga eit stilig og reint inntrykk. Skilta var sett oppå reolane og var godt lesbare. Vi likte imidlertid ikkje at dei nederste hyllene var så lavt nede.


Utstilling av nye bøker.
Ungdomskroken
Barneavdelinga
Fin barneavdeling, men vi synest det var lite biletbøker utstilt.
Dei hadde laminert forsider av populære bøker - ein god ide for å vise at biblioteket har bøkene, sjølv om dei er utlånt?
Kategorisering - her er det bøker om fest som er samla.
Berit og Ingunn slappar av i avis- og tidsskriftkroken, ein krok som var "inneramma" av kun reolar, ei artig løysing.

21. mars 2011

Den store kasseringsrunda

Med uvurderleg hjelp frå tilsette ved fylkesbiblioteket starta vi ein grundig gjennomgang av heile boksamlinga. Her var det fleire kriterier som låg til grunn for kva vi luka ut. Det vart sett både på siste utlån av bøker, aktualitet, slitasje med meir.
Sjølv om vi tidlegare har kassert mange bøker, så var det mykje meir å ta, både fag- og skjønnlitteratur for barn, ungdom og vaksne. I denne runda har vi kassert omlag 20% av boksamlinga. Vi har også kvitta oss med VHS-filmar.
Biletbøker og filmar forsøker vi å selge, men det meste går rett i containaren...






Aslaug Hundvebakke vurderer fagbøker.
 

Vidar Kursetgjerde i aksjon med skjønnlitteraturen.

-Og personalet slettar bøker i katalogen med liv og lyst.

Vi lånte handlekorger hos Bunnpris i etasjen under oss, og dei var veldig greie å ha til å samle og forflytte bøker i.



I barne- og ungdomsavdelinga var Berit Hjertø i aksjon:


-Og slik såg det ut etter at Berit Hjertø hadde gjort sitt!


Nytt år og nye mulegheiter?

Biblioteksjef og einingsleiar for kultur hadde eit møte med PBD-avdelinga like etter nyttår for å drøfte mulegheitene for å få gjort noko med lokalet, og vi vart møtt med positiv velvilje. Vaktmesterstyrken kunne hjelpe oss med ombygging og maling, men hadde eit ønske om å få gjort det så tidleg på året som råd. Vi trengte imidlertid litt tid til å få gått igjennom samlinga vår med tanke på kassering. Container vart bestilt og kom på plass 19.januar. -Og då kunne kasseringsrunda snart starte!

Litt om framdrifta i prosjektet hausten 2010

Dette prosjektet kom "overraskande" på oss i den grad at dette ikkje var planlagt. Difor var det viktig for oss å prøve å få med ein del investeringskostnader i økonomiplanen så snart budsjettprosessen starta tidleg på hausten. Fylkesbiblioteket kom med forslag til kva som burde gjerast med lokalet for å få oppgradert det noko, og på grunnlag av det ba vi PBD (plan, bygg, drift)-avdelinga vår om å kome med eit kostnads-overslag over kva dei ulike tiltaka ville koste. Dette kostnadsoverslaget vart så tatt med i det vidare budsjettarbeidet.

Her er nok av det vi ønskte å få gjort noko med:
* Å få ny inngangsparti/glasdør til biblioteket
* Betre toalett-tilhøve, generell oppussing
* Maling av veggane i biblioteklokalet - frå gule til lyse/eggeskalfarga
* Fjerne nokre lettveggar og fjerne dagens kontor for å utnytte betre den lysaste delen av lokalet til publikumsfunksjonar
* Bygge igjen to vindauge i barne- og ungdomsavdelinga
* Vurdere lystilhøve
* Lage innleveringsluke i veggen ved inngangsdøra i bygget for å auke tilgjengeligheita

Kostnadsoverslaget var på rundt rekna kr. 300.000 totalt.
Det enda med at vi ikkje fekk gjennomslag for dette i kommunestyret sitt budsjettmøte i desember, slik som vi hadde håpa på.

Vi inviterer til ein liten rundtur i Sula bibliotek

Som de vil sjå, så er det noko typisk 80-tals ved det. Biblioteket flytta inn i dagens lokale i 1980, og ber preg av det. Veggane våre vart mala gule i år 2000.
Vi har reolar i fargane grått, oransje, kvitt og bøk pluss nokre syrebeisa trehyller - alt blanda i "skjønn forening! Ikkje så smakfullt kanskje, men varmt og koseleg er det, eller?
Storleiken på lokalet er omlag 450 kvadratmeter inklurdert lager og kontor.

Her er nokre glimt frå Sula bibliotek, såkalla "før"-bilete:

Inngangsdøra til biblioteket i 2. etg.

Utsikt innover i lokalet, sett frå inngangsdøra
Her står vi ved innganagsdøra og ser innover noko av lokalet
Til høgre skimtar vi barne- og ungdomsavdelinga, og dagens lesesal i bakgrunnen
Rett innanfor inngangsdøra er det filmar for barn
Glimt frå barneavdelinga
Ungdomskroken i bakgrunnen
Sofa og teikneseriar i ungdomskroken


Ungdomsbøker
Lydbøker for ungdom
Lydbøker for barn i front og fagbøker for barn til venstre
Fagbøker for barn og ungdom
Tobiastårnet og musikk for barn
Frå barneavdelinga mot vaksenavdelinga
Vi ser inn i barne-og ungdomsavdelinga
Publikums-pc-ar, 4 stk
Dette store runde bordet har vi no fjerna (solgt til ein skule)
Fagbøker
I bakgrunnen lokalhistorisk rom, tidlegare lesesal


Lokalhistorisk rom
Lokalhistorisk rom
Frå lokalhistorisk rom inn mot biblioteket
Hus og heim-samlinga (kategorisering)
Film for vaksne
Oransje reolar så langt auga kan sjå...(fagbøker)
Skranken med kontor bak
Mot inngangspartiet
Avis- og tidsskriftkroken

Lydbøker for vaksne


Musikk
Pocket-seriar
Vi ser innover i bakre del av lokalet
Lyrikkhjørnet og engelske bøker
Krimkroken
Fagbøker til venstre, romanar til høgre
Tidsskrift
Skranken bakfrå
Mot inngangsdøra
Garderobe
Nansen-utstilling
Takk for turen, og velkommen tilbake ein annan gong!