31. mai 2011

Sula bibliotek skal utvikle seg!

Plan- og analyseavdelinga i fylkeskommunen har hjulpe oss med å utarbeide ei spørreundersøking.
Her kan du sjå litt meir om korleis den ser ut:

"Dette er ei undersøking både til bibliotekbrukarane våre og til dei som ikkje er det. Vi er interesserte i å finne ut kva som vil få akkurat deg til å besøke biblioteket på Sula.
Det er sjølvsagt frivillig å svare på undersøkinga, og alle svar blir behandla konfidensielt.

Av dei som svarer vil det bli trekt ein premie,  eit presentkort på kr. 1000!
Vi håper at du vil bruke 3 minutt på oss, for vi likar deg!
Klikk på lenka under, og bli med!"
https://web.questback.com/mreogromsdalfylke/uzzgjiaxag/

Vi har informert om den i lokalavisa Sulaposten, på kommunen og biblioteket si heimeside, på facebook-sida til biblioteket og ved plakat på skranken i biblioteket. I tillegg har vi sendt den ut på e-post til barnehage- og skuletilsette samt oppfordra elevar ved ungdomsskulen til å svare (via rektor).
No er vi spente på kor mange svar vi vil få.

Vi har ein plan!

15. april var det nytt prosjektmøte med interiørarkitektane til stades, og vi var veldig spente på kva planløysing dei ville foreslå.

Dei hadde tatt utgangspunkt i mest mogleg gjenbruk av hyller.Hylleplasseringa var ikkje så heilt ulik dagens løysing, men dei hadde "rydda" litt for å få naturlege linjer og også med tanke på betre universell utforming.

Dagens kontor og skrankeareal er tenkt flytta til bakre del av lokalet, slik at publikum skal kunne nyte lys og utsikt ved dei store glasvindauga. Her var det foreslått fleire gode sittegrupper.

I barne- og ungdomsavdelinga var det heilt nye tankar. Det var teikna inn ei stor og oval "bokhole"/scene midt i rommet, med benkar og biletbokkasser på utsida, pluss eit amfi til å sitte på i eine hjørnet av rommet.

Elisabeth fekk sjokk då dei foreslo å male den største veggen i lokalet oransje! Vi har ein del oransje hyller i biblioteket vårt, og desse var dei vi ønskte mest av alt å få fjerna, fordi dei minner oss om 80-talet. Nye auger ser imidlertid nye mulegheiter, og bra er det. Men slike drastiske forslag må nok modnast litt...

Golvbelegget er ikkje fint, og det vil bli fleire "sår" når ein skal rive veggar, så det er absolutt ønskeleg å få nytt dersom økonomien tillet det.

Dagane går, og så vart det vår...

25. mars hadde vi prosjektmøte med firmaet Interiørarkitektane.no ved Benedikte Holmberg og Aslaug Marit Øyehaug. Vi la fram planane våre, og fekk så avklara kva dei kunne tilby oss av tenester. Vi såg på det som ønskeleg og nødvendig å få profesjonell hjelp til utarbeiding av planteikning, interiør- og fargeval.
Interiørarkitektane kom i etterkant av møtet med eit pristilbod for sine tenester, og i samråd med fylkesbiblioteket vart det bestemt å engasjere desse i det vidare arbeidet.

Siste kasseringsrunda med bistand frå fylkesbiblioteket var 4. april, og 6. april vart den "proppfulle" containaren henta. Hittil i 2011 har vi kassert omlag 23% av samlinga vår, altså omlag ein femtedel. Vi har kassert videoar (VHS) og lydbøker på kassett, faglitteratur og skjønnlitteratur for både barn og vaksne - og maaaange biletbøker. Vi prøvde å selge VHS for kr. 5 både her på biblioteket og på ein marknad under Suladagane, og restopplaget gjekk til ein loppemarknad. Biletbøker sel vi no for kr. 1 på biblioteket, og det går unna etterkvart.

11. april var vi så heldige å få reise på studietur til Skodje bibliotek ilag med resten av kultureininga i Sula kommune. Vi fekk omvisning i Gomerhuset i Skodje kommune, og for oss bibliotekfolk var det særleg biblioteket som fanga vår interesse. Sidan dei har hatt same interiørarkitekt som vi no har valgt, så var det ekstra spanande å sjå løysinga som var valgt der. Kari Bigum Kvernberg fortalte om både gode og mindre gode erfaringar med det "nye" biblioteket - som vi sjølvsagt legg på minnet i vårt arbeid.