13. mars 2013

EIT HALVT ÅR ETTER

Det har no gått 6 månader sidan nyopninga av biblioteket, og vi har gjort oss følgande observasjonar:

  • Tendensen er at fleire oppheld seg i biblioteket, men at dei ikkje nødvendigvis låner med seg noko (brukar pc, les aviser og blad, gjer lekser og studerer)
  • Vi har fått fleire unge brukarar, særleg elevar frå mellomtrinnet, og dei uttrykker at biblioteket er kult
  • Vi har fått fleire unge vaksne brukarar, også menn
  • Brukarane er overraska over kor stor endringa av oppussinga vart - kjenner seg knapt igjen
  • Vi har hatt mykje besøk av barnehagegrupper
  • Etterspurnaden frå lokale lag og organisasjonar etter å få låne biblioteklokalet har auka
  • Utvida opningstider har gjort biblioteket meir tilgjengeleg
  • Utlånet auka med 8,9 % dei tre første månadene etter nyopninga


27. nov. 2012

KRONA PÅ VERKET?

Denne månaden kom endeleg godstolane som vi hadde venta på. Her blir det godt å sette seg ned med ei avis og ein kaffekopp!
Og jammen står dei ikkje i stil med veggen med slagordet på: Ei verd av draum og fakta.

 
 
 






30. okt. 2012

DET VAR EIN GONG...

Det var ein gong ein biblioteksjef som gjekk og drøymde om å få fornye biblioteket sitt.
Men kvart år når kommunebudsjettet vart vedtatt i desember, vart det nedskjeringar istadenfor auke i løyvingane. Og slik gjekk åra...
Biblioteket og dei tilsette levde godt og var lykkelege med livet og brukarane sine, men draumen låg der...
Ein vakker dag dukka det opp eit brev i posten frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek med ein invitasjon til å søke på prosjektmidlar. Dei tilsette hadde idedugnad, og mange gode idear og ønske for biblioteket vart sett ned på papiret.
Gleda var STOR då vi i juni 2010 fekk meldinga om at Sula bibliotek var valt ut til å bli eksempelbibliotek i fylket vårt.
Biblioteksjefen følte seg nesten som Askeladden i eventyret - som vann prinsessa og halve kongeriket. Men vi fekk istaden prosjektmidlar frå fylket og Sula kommune sin politiske velvilje til å løyve kr. 767.000 til biblioteket.

Som i eventyret om Askeladden og dei gode hjelparane - så har det også i arbeidet med dette prosjektet vore mange gode hjelparar i sving for å få dette til.

Eg vil difor rette ei stor og varm takk til alle saman:

Takk til Møre og Romsdal fylkesbibliotek som gav oss denne mulegheita, for viktig starthjelp, praktisk hjelp og utrøytteleg stå-på-vilje i jakta på prosjektmidlar. Takk til fylkesbiblioteksjef Ellen K. Molvær som alltid er optimist og til prosjektleiar Berit Hjertø for god jobbing og oppmuntring undervegs - og som sørga for framdrift i prosjektet.

Takk til Møre og Romsdal fylkeskommune for praktisk hjelp til questback, rettleiing i spørsmåla om universell utforming og prosjektmidlar til universell utforming.

Takk til Sula kommune ved kommunalsjef for kultur- og oppvekst Anne Grete Skjærset for godt arbeid og for vilje til å satse på ei utviding av prosjektet, slik at vi fekk både nytt golvbelegg og nye lysarmaturar.

Takk til einingsleiar for kultur Ingunn Krosby for godt og hardt arbeid og uvurderleg god støtte undervegs i prosjektprosessen på alle plan.

Takk til avdeling for plan-, bygg og drift i Sula kommune ved John Magne Eikrem som har koordinert byggearbeidet framifrå, og til vaktmesterstyrken for utruleg god hjelp til alt mogeleg.

Takk til interiørarkitektane Aslaug Marit Øyehaug og Benedikte Holmberg for planløysing, fargevalg og interiørforslag.

Takk til dei tilsette Kari, Marte og Håvard som har stått på og jobba for å få dette til.

Takk til politikarane i Sula kommune som gjorde vedtak i kommunestyret i desember 2011 om å bevilge dei nødvendige økonomiske midlane til prosjektet.

Takk til brukarane våre som har venta tolmodig på at dørene til biblioteket skulle opnast igjen. Vi har sakna dokke - og håper at dokke har sakna oss!

No håper vi å kunne vere eit eksempelbibliotek til inspirasjon for andre kommuner til å satse på bibliotek.

Eg starta med "det var ein gong...", men eventyret sluttar ikkje her. Det er no det startar!
Vi håper sjølvsagt å kunne "leve lykkelig alle dagar" - men det vil kreve hard og målretta jobbing.
No er vi glade for at "rammene" er på plass, og framover vil vi jobbe med å vidareutvikle biblioteket som møteplass i lokalsamfunnet til beste for Sula kommune sine innbyggarar.

SAGT OM EKSEMPELBIBLIOTEKET

Her kan du lese Møre og Romsdal fylkesbibliotek sin artikkel om nyopninga av Sula bibliotek

Om eksempelbiblioteket

OPNINGSFEST FOR "NYE" SULA BIBLIOTEK 4. OKTOBER 2012

4. oktober kl. 18.00 var det klart for den store opningsfesten for "nye" Sula bibliotek.

Ytre Sula skulekorps spela hornmusikk ved inngangen, Sula Tradband blåste festen i gang inne, ordførar Geir Ove Vegsund stod for den offisielle gjenopninga, biblioteksjef Elisabeth Flåskjer Kjerstad takka på vegne av dei tilsette ved Sula bibliotek, koret Scala Brio song og fylkesbiblioteksjef Ellen K. Molvær helsa frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek. Etterpå var det utradisjonell servering -(vi har lova å overraske!)- med cupcakes og cake pops.







 
Og ei veke etterpå var det fest for barna med sjølvaste Pulverheksa på besøk



BLI MED INN I "NYE" SULA BIBLIOTEK - EI VERD AV DRAUM OG FAKTA















FØR OG ETTER