I dag var vi samla til arbeidsmøte med interiørarkitektane og representantar frå kommunen si eigedomsavdeling. Vi gjekk igjennom planløysinga, og diskuterte nærare dei bygningsmessige endringane som skal gjerast: riving/bygging av veggar, belysning, valg av golvbelegg, fargeval på veggar og tak. Det er mange ting som skal gjerast på omlag same tid, og difor må det planleggast godt slik at det ikkje dreg ut i tid. Alt må flyttast på, så det er eit stort arbeid som ligg føre oss!
Interiørarkitektane kom med forslag til valg av golvbelegg og fargeval - spanande og spenstig! (utan å røpe for mykje...) Dei hadde også gode idear på korleis vi kan bruke profilen til biblioteka i fylket vårt - som ny logo og slagordet: "Ei verd av draum og fakta". Vi fekk ny inspirasjon - og det kjennest godt!