Det var ein gong ein biblioteksjef som gjekk og drøymde om å få fornye biblioteket sitt.
Men kvart år når kommunebudsjettet vart vedtatt i desember, vart det nedskjeringar istadenfor auke i løyvingane. Og slik gjekk åra...
Biblioteket og dei tilsette levde godt og var lykkelege med livet og brukarane sine, men draumen låg der...
Ein vakker dag dukka det opp eit brev i posten frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek med ein invitasjon til å søke på prosjektmidlar. Dei tilsette hadde idedugnad, og mange gode idear og ønske for biblioteket vart sett ned på papiret.
Gleda var STOR då vi i juni 2010 fekk meldinga om at Sula bibliotek var valt ut til å bli eksempelbibliotek i fylket vårt.
Biblioteksjefen følte seg nesten som Askeladden i eventyret - som vann prinsessa og halve kongeriket. Men vi fekk istaden prosjektmidlar frå fylket og Sula kommune sin politiske velvilje til å løyve kr. 767.000 til biblioteket.
Som i eventyret om Askeladden og dei gode hjelparane - så har det også i arbeidet med dette prosjektet vore mange gode hjelparar i sving for å få dette til.
Eg vil difor rette ei stor og varm takk til alle saman:
Takk til Møre og Romsdal fylkesbibliotek som gav oss denne mulegheita, for viktig starthjelp, praktisk hjelp og utrøytteleg stå-på-vilje i jakta på prosjektmidlar. Takk til fylkesbiblioteksjef Ellen K. Molvær som alltid er optimist og til prosjektleiar Berit Hjertø for god jobbing og oppmuntring undervegs - og som sørga for framdrift i prosjektet.
Takk til Møre og Romsdal fylkeskommune for praktisk hjelp til questback, rettleiing i spørsmåla om universell utforming og prosjektmidlar til universell utforming.
Takk til Sula kommune ved kommunalsjef for kultur- og oppvekst Anne Grete Skjærset for godt arbeid og for vilje til å satse på ei utviding av prosjektet, slik at vi fekk både nytt golvbelegg og nye lysarmaturar.
Takk til einingsleiar for kultur Ingunn Krosby for godt og hardt arbeid og uvurderleg god støtte undervegs i prosjektprosessen på alle plan.
Takk til avdeling for plan-, bygg og drift i Sula kommune ved John Magne Eikrem som har koordinert byggearbeidet framifrå, og til vaktmesterstyrken for utruleg god hjelp til alt mogeleg.
Takk til interiørarkitektane Aslaug Marit Øyehaug og Benedikte Holmberg for planløysing, fargevalg og interiørforslag.
Takk til dei tilsette Kari, Marte og Håvard som har stått på og jobba for å få dette til.
Takk til politikarane i Sula kommune som gjorde vedtak i kommunestyret i desember 2011 om å bevilge dei nødvendige økonomiske midlane til prosjektet.
Takk til brukarane våre som har venta tolmodig på at dørene til biblioteket skulle opnast igjen. Vi har sakna dokke - og håper at dokke har sakna oss!
No håper vi å kunne vere eit eksempelbibliotek til inspirasjon for andre kommuner til å satse på bibliotek.
Eg starta med "det var ein gong...", men eventyret sluttar ikkje her. Det er no det startar!
Vi håper sjølvsagt å kunne "leve lykkelig alle dagar" - men det vil kreve hard og målretta jobbing.
No er vi glade for at "rammene" er på plass, og framover vil vi jobbe med å vidareutvikle biblioteket som møteplass i lokalsamfunnet til beste for Sula kommune sine innbyggarar.
30. okt. 2012
SAGT OM EKSEMPELBIBLIOTEKET
Her kan du lese Møre og Romsdal fylkesbibliotek sin artikkel om nyopninga av Sula bibliotek
Om eksempelbiblioteket
Om eksempelbiblioteket
OPNINGSFEST FOR "NYE" SULA BIBLIOTEK 4. OKTOBER 2012
4. oktober kl. 18.00 var det klart for den store opningsfesten for "nye" Sula bibliotek.
Ytre Sula skulekorps spela hornmusikk ved inngangen, Sula Tradband blåste festen i gang inne, ordførar Geir Ove Vegsund stod for den offisielle gjenopninga, biblioteksjef Elisabeth Flåskjer Kjerstad takka på vegne av dei tilsette ved Sula bibliotek, koret Scala Brio song og fylkesbiblioteksjef Ellen K. Molvær helsa frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek. Etterpå var det utradisjonell servering -(vi har lova å overraske!)- med cupcakes og cake pops.

Og ei veke etterpå var det fest for barna med sjølvaste Pulverheksa på besøk
HEKTISK INNSPURT
Første leveransen av reolar kom i slutten av august, og då starta bibliotekpersonalet det store arbeidet med å få på plass igjen hundrevis av flyttekasser med titusenvis av bøker...Takka vere god merking av kassene av erfarne folk frå fylkesbiblioteket gjekk det greit å finne fram og få bøkene i system igjen. Bokkassene var stabla på europallar frå golv til tak, og ved hjelp av jekketralle og god vaktmesterhjelp gjekk det greit å få trilla dei til sin rette plass. Det vart likevel mange tunge tak for dei tilsette, men med ein stor porsjon arbeidslyst og godt humør gjekk arbeidet bra, sjølv om det sette sine spor i både rygg, armar og skuldrar. Vi brukte arbeidsdagane godt og klarte å få dette til utan ekstra overtidsarbeid/kveldsjobbing. Vi hadde nok ikkje klart det utan å gå tilbake til "normal" opningstid på filialen (ope 3 dagar i veka).Dette var eit valg vi gjorde, sjølv om det førte til eit redusert bibliotektilbod til publikum i september månad.
Elektrikarane ville at alt skulle ha sin fast plass før lysarmaturane og lampane vart festa opp, så i denne perioden var det både vaktmesterar, malarar, golvleggarar, elektrikarar, snekkarar og bibliotekpersonell i sving. Amfiet i barneavdelinga vart bygt og ferdigstilt berre nokre dagar før opninga.
Utanom det reint praktiske i lokalet - som tok veldig mykje tid - skulle også andre ting planleggast og gjennomførast: innkjøp av diverse utstyr som m.a. kaffemaskin, bestille merking til reolar og inngangsdør, sørge for at hyller og anna som skulle til lakkering vart henta og bringa, drive budsjettarbeid, mase på vaktmesterhjelp, arrangere bokfest for Sommarles-deltakarar, etterbestille hyller, finne dag til nedvask, planlegge opningsfest...
Vi fekk beskjed om at godstolane som vi hadde bestilt ikkje ville bli leverte før i november, og det var ein liten "nedtur". Det hadde sjølvsagt vore kjekt å få dei på plass til opninga, men vi synest det var viktigare å få opna opp dørene igjen etter 5 mnd. stenging av hovudbiblioteket. Vi hadde aldri trudd at det skulle ta så lang tid. Men det har vi lært: ting tar tid, og tid er ein kritisk faktor i slike prosjekt. Mange aktørar er involvert, og ting skal klaffe i høve til kvarandre. Ein må hugse på at dette vart eit mykje større prosjekt enn det vi først hadde rekna med, og det er vi utruleg glade for! Tenk å få denne store mulegheita til å endre eit tradisjonelt 80-tals bibliotek til å bli eit meir moderne bibliotek! Det er ein biblioteksjefs draum som har gått i oppfylling!

PANGSTART I AUGUST
6.august starta oppussingsarbeidet for fullt! Veggar og tak vart mala, og nytt golvbelegg kom på plass. Etterkvart kunne også elektrikarane starte opp sitt arbeid. Alle gamle lysarmaturar vart tatt ned frå taket og gamle kursar vart lagt om. Er det noko vi har manlga før, så er det stikkontakter i lokalet! No ville vi difor sørge for å endre på dette. Alle behov vedr. straum vart lagt fram. Interiørarkitektane hadde sørga for både lysberegning av lokalet og planlagt plasseringa av lyspunkt i høve reolar og anna inventar. Her er ein liten smakebit av dei første veggane som vart ferdigmala:
TILBODSINNBYDING
Vi bestemte oss for å la interiørarkitekten
ta seg av tilbodsinnbyding på leveransar av møblar og reolar, og i samråd med
Sula kommune vart det sendt ut tilbodsinnbyding til fem ulike firma. Frist for
levering av tilbod vart sett til 18.juni. Interiørarkitekten hadde på førehand
rekna ut mengda på inventar, og vi hadde ein felles gjennomgang av kva vi ville
satse på, både med omsyn til mengde og fargeval. Vi gjorde nokre små justeringar
undervegs, og økonomi vart eit avgjerande moment i denne prosessen.
Biblioteksjefen jobba også med å hente inn pristilbod på omlakkering av dei
gamle reolane samt eit bord, stolar og biletbokkasser. I denne perioden vart det
også ein del ventetid, med klagefristar m.m. Leverandøren som vart valgt var
Grande, og det var prisen som vart avgjerande.
OMBYGGINGSPERIODEN
Ombyggingsarbeidet starta med riving av veggar 15. mai. Kontoret og eit bøttekott vart tatt bort for å opne opp publikumsarealet mot vindauga og lyset, dører vart flytta og elektriske ledningar hang og dingla både her og der...Både snekkarar og elektrikarar var i arbeid, og dei tilsette hadde nok å gjere med å tene brukarane frå filialen som hadde utvida opningstid. Både telefon og datalinjer vart kutta, så vi måtte "rømme" huset denne perioden. Biblioteksjefen fekk låne eit kontor på rådhuset frå mai-sept. for å kunne vere nokonlunde "operativ". Plan-bygg-og drift -avdelinga med John Magne Eikrem i spissen hadde ansvaret for å koordinere byggearbeidet og innhente tilbod frå eit malarfirma og eit elektrofirma samt snekkarar. Det var ein del "stillstand" i perioden fram mot sommaren, og dette gjorde oss litt frustrerte. Så skulle alle ha ferie...Malarfirmaet fekk ikkje bestilt inn nok golvbelegg i tide, og dermed vart legginga av dette utsett til etter sommarferien, dvs. august.
Abonner på:
Innlegg (Atom)