13. okt. 2011

GLADMELDING OM UNIVERSELL UTFORMING

For to veker sidan fekk vi denne gladmeldinga frå Fylkesbiblioteket:
Plan- og analyseavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort slikt vedtak:

Møre og Romsdal fylkeskommune v/plan- og analyseavdelinga løyver Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal eit tilskot på inntil kr 100.000 til prosjektet "frå stempel til eksempel".

Tilsagn om tilskot på inntil kr 100.000 frå plan- og samhandlingsmidlane til Fylkesbiblioteket og prosjektet "frå stempel til eksempel" vil gi oss nye mulegheiter til å satse på universell utforming av biblioteket.
                                                                                                                                                                                                                                                               
Vi ønsker å legge betre til rette for universell utforming for slik å forme biblioteket til å vere ein møteplass og eit tilbod til alle.  Endringar når det gjeld bygning, interiør og inventar som skal til for å legge til rette for ei universell utforming vil sjølvsagt ha konsekvensar for kostnadene. Med eit slikt tilskot aukar mulegheitene våre til å få realisert dette. Vi treng m.a. ei ny inngangsdør til biblioteket med automatisk opning, nye og gode skilt, ledelinjer m.m.

Og sist men ikkje minst:
Fylkesbiblioteket har også i sin søknad sagt at det er eit mål å gjere Sula bibliotek til eit pilotbibliotek i fylket også i høve universell utforming.



















 

RESULTATA AV SPØRREUNDERSØKINGA

Med god hjelp frå plan- og analyseavdelinga i fylket, vart det gjennomført ei brukarundersøking ved hjelp av questback på internett sommaren 2011.

Sula bibliotek fekk inn svar frå 110 respondentar. Undersøkinga kan dermed ikkje bli sett på som veldig representativ , men den gir ein peikepinn på kva nokre fokusområder som vi vil ta med oss i det vidare utviklingsarbeidet.

Om lag 2 av 3 som svarte på undersøkinga var i aldersgruppa 30-66 år. Resten var i hovudsak under 29 år. Nærare 80% av respondentane var kvinner.

Litt overraskande var det at nærare 20 % svarte at dei ikkje hadde lånekort. Dei såg ut til å dele seg jamt på å svare at dei brukar biblioteket utan lånekort eller ved berre å svare "nei".

Ein svært liten andel syntes tilboda var dårlege. Andelen som seier: "veit ikkje /inga meining er gjennomgåande høg, unntaket er vurderinga av vaksen skjønlitteratur og service. Det scora høgt.
Service scora høgast, heile 86 % av respondentane vurderte dette tilbodet som "svært bra"!

Dei tilboda som respondentane har minst kjennskap til eller ikkje vil vurdere er: musikk cd, aviser, pc-bruk og trådlaust nett som omlag halvparten seier dei har "inga meining" om eller "veit ikkje."

På ope spørsmål om det er særskilte tider repondentane ønsker å bruke biblioteket, er det to klare tendensar; etter arbeidstid /kveld og i helgane, (mest laurdag).

Respondentane sine svar vekslar vidare mellom ønske om betre utval innan einskilde tilbod, og ulike arrangement, og nokre ønsker av både teknisk og praktisk art. Eit eksempel er varsling per e-post når innleveringsfrist nærmar seg og høve til å sjå film eller høyre på lydbøker med høyretelefonar.
Ein del ønsker også arrangement med forfattarar på besøk eller liknande, særskilt retta mot barn for å stimulere leselyst.

Når biblioteket spurte kva dei kunne gjere for å bli meir attraktivt for brukarane er det derimot langt fleire svar og klarare tendensar. Ønsket om lengre opningstider kjem veldig tydeleg fram her. Det største potensialet til forbetring for biblioteket ligg i opningstida, ser det ut til.

Bruken av biblioteket si heimeside, facebook-side og nett-tenesta "Meg og mitt" ser også ut til å vere eit område der det ligg eit potensiale for biblioteket. Mange seier at dei ikkje har noko meining eller veit ikkje" knytt til desse sidene. Det kan skuldast at andelen under 30 år er relativt lav blant respondentane, og at få kjenner til desse tenestene.

**********************************************************************************

Vinnar av presentkort på kr. 1000  er no trekt, og den heldige vinnar vart Morten Ugelvik frå Langevåg. Vi gratulerer!

**********************************************************************************



BUDSJETTARBEID

Rett før  ferien fekk vi i eit møte med rådmann og leiar for PBD-avdelinga beskjed om at bygningskostnader må inn i det ordinære budsjettarbeidet, og det er det vi har jobba mest med sidan sist.
Vi prøvde å få midlar til prosjektet også i fjor i budsjettbehandlinga, men då vart det ikkje prioritert. Når vi no gjekk inn i dette på nytt, har vi basert oss på kostnadsoverslaget frå firmaet Olset. Etter drøftingar vart det no også bestemt å ta med kostnader for nytt golvbelegg og belysning, og det fører sjølvsagt til auka kostnader til det bygningsmessige.
Kostnadene er no lagt inn i økonomiplanen for biblioteket under nye tiltak, men vi må vente heilt til kommunestyret sitt møte i desember for å få svar på korleis dette går. Vi er optimistar!
Vi har altså fått erfare at prosessen har vorte både lenger og meir omfattande enn vi først trudde, men slik er den kommunale kvardagen. Ressursane er knappe, og vi må kjempe om dei på lik line med andre. Dette er ei utfordring - og ei utfordring som vi må ta.