Med god hjelp frå plan- og analyseavdelinga i fylket, vart det gjennomført ei brukarundersøking ved hjelp av questback på internett sommaren 2011.
Sula bibliotek fekk inn svar frå 110 respondentar. Undersøkinga kan dermed ikkje bli sett på som veldig representativ , men den gir ein peikepinn på kva nokre fokusområder som vi vil ta med oss i det vidare utviklingsarbeidet.
Om lag 2 av 3 som svarte på undersøkinga var i aldersgruppa 30-66 år. Resten var i hovudsak under 29 år. Nærare 80% av respondentane var kvinner.
Litt overraskande var det at nærare 20 % svarte at dei ikkje hadde lånekort. Dei såg ut til å dele seg jamt på å svare at dei brukar biblioteket utan lånekort eller ved berre å svare "nei".
Ein svært liten andel syntes tilboda var dårlege. Andelen som seier: "veit ikkje /inga meining er gjennomgåande høg, unntaket er vurderinga av vaksen skjønlitteratur og service. Det scora høgt.
Service scora høgast, heile 86 % av respondentane vurderte dette tilbodet som "svært bra"!
Dei tilboda som respondentane har minst kjennskap til eller ikkje vil vurdere er: musikk cd, aviser, pc-bruk og trådlaust nett som omlag halvparten seier dei har "inga meining" om eller "veit ikkje."
På ope spørsmål om det er særskilte tider repondentane ønsker å bruke biblioteket, er det to klare tendensar; etter arbeidstid /kveld og i helgane, (mest laurdag).
Respondentane sine svar vekslar vidare mellom ønske om betre utval innan einskilde tilbod, og ulike arrangement, og nokre ønsker av både teknisk og praktisk art. Eit eksempel er varsling per e-post når innleveringsfrist nærmar seg og høve til å sjå film eller høyre på lydbøker med høyretelefonar.
Ein del ønsker også arrangement med forfattarar på besøk eller liknande, særskilt retta mot barn for å stimulere leselyst.
Når biblioteket spurte kva dei kunne gjere for å bli meir attraktivt for brukarane er det derimot langt fleire svar og klarare tendensar. Ønsket om lengre opningstider kjem veldig tydeleg fram her. Det største potensialet til forbetring for biblioteket ligg i opningstida, ser det ut til.
Bruken av biblioteket si heimeside, facebook-side og nett-tenesta "Meg og mitt" ser også ut til å vere eit område der det ligg eit potensiale for biblioteket. Mange seier at dei ikkje har noko meining eller veit ikkje" knytt til desse sidene. Det kan skuldast at andelen under 30 år er relativt lav blant respondentane, og at få kjenner til desse tenestene.
**********************************************************************************
Vinnar av presentkort på kr. 1000 er no trekt, og den heldige vinnar vart Morten Ugelvik frå Langevåg. Vi gratulerer!
**********************************************************************************
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar