Plan- og analyseavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort slikt vedtak:
Møre og Romsdal fylkeskommune v/plan- og analyseavdelinga løyver Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal eit tilskot på inntil kr 100.000 til prosjektet "frå stempel til eksempel".
Tilsagn om tilskot på inntil kr 100.000 frå plan- og samhandlingsmidlane til Fylkesbiblioteket og prosjektet "frå stempel til eksempel" vil gi oss nye mulegheiter til å satse på universell utforming av biblioteket.
Vi ønsker å legge betre til rette for universell utforming for slik å forme biblioteket til å vere ein møteplass og eit tilbod til alle. Endringar når det gjeld bygning, interiør og inventar som skal til for å legge til rette for ei universell utforming vil sjølvsagt ha konsekvensar for kostnadene. Med eit slikt tilskot aukar mulegheitene våre til å få realisert dette. Vi treng m.a. ei ny inngangsdør til biblioteket med automatisk opning, nye og gode skilt, ledelinjer m.m.
Og sist men ikkje minst:
Fylkesbiblioteket har også i sin søknad sagt at det er eit mål å gjere Sula bibliotek til eit pilotbibliotek i fylket også i høve universell utforming.
Og sist men ikkje minst:
Fylkesbiblioteket har også i sin søknad sagt at det er eit mål å gjere Sula bibliotek til eit pilotbibliotek i fylket også i høve universell utforming.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar