Rett før ferien fekk vi i eit møte med rådmann og leiar for PBD-avdelinga beskjed om at bygningskostnader må inn i det ordinære budsjettarbeidet, og det er det vi har jobba mest med sidan sist.
Vi prøvde å få midlar til prosjektet også i fjor i budsjettbehandlinga, men då vart det ikkje prioritert. Når vi no gjekk inn i dette på nytt, har vi basert oss på kostnadsoverslaget frå firmaet Olset. Etter drøftingar vart det no også bestemt å ta med kostnader for nytt golvbelegg og belysning, og det fører sjølvsagt til auka kostnader til det bygningsmessige.
Kostnadene er no lagt inn i økonomiplanen for biblioteket under nye tiltak, men vi må vente heilt til kommunestyret sitt møte i desember for å få svar på korleis dette går. Vi er optimistar!
Vi har altså fått erfare at prosessen har vorte både lenger og meir omfattande enn vi først trudde, men slik er den kommunale kvardagen. Ressursane er knappe, og vi må kjempe om dei på lik line med andre. Dette er ei utfordring - og ei utfordring som vi må ta.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar