Arealet på biblioteket var på 450 kvadratmeter, omlag på storleik med Sula bibliotek. Det var difor lett å "samanlikne" seg med dei. og det gjorde også at nytteverdien for oss var stor.
Vestre Toten folkebibliotek har endra fokus frå rutiner til brukarorientering, og dei tilsette får jobbe med det dei er god på i større grad enn før.
Dei stilte seg spørsmåla: kva skal vi endre? Kva er det vi vil? Dei likte godt brukarorienteringa i "Opening-the-book"-tankegangen, og bestemte seg for å satse på det.
Dei har delt inn biblioteklokalet i flytsoner (der det går fort) og komfortsoner - der ein kan sette seg ned og trekke seg tilbake. I sitt prosjekt kasserte dei 25% av samlinga.
Ved kassering har dei hatt eit fokus på å behalde både breidde og kvalitet, og ikkje berre det som har vore utlånt siste 5 åra t.d.
Erfaringane deira viser at kategoriserte fagbøker har mykje større omløp enn dei andre.
Av skjønnlitteratur hadde dei følgande kategoriar: krim og spenning, klassikarar, fantasy og underhaldningsromanar.
Av fagbøkene var desse kategoriane valgt: Bygg og bo, data, hage, mat&drikke, fest, håndarbeid, foreldre&barn, kropp og sinn.
Innanfor musikk og dyr hadde dei sett fagbøker for både barn, ungdom og vaksne saman.
Dei manglar magasin - men hadde løyst dette på ein fin måte ved å ha arkivreolar på hjul inne i sjølve utlånslokalet.
Alt inventaret er nytt, både reolar og møblar. - Og veldig stilig!
Skiltinga var enkel og plassert oppe på reolane, pluss eit mindre skilt på sjølve hyllene.
Ny inngangsdør i glas hadde vore heilt avgjerande for dei for å opne opp inn til biblioteket.
Dei fortalte også at ordførar og kultursjef hadde vore med dei på tur til England for å bli "overbevist" og begeistra, og for å få eigarforhold til prosjektet. I ettertid er dei stolte av biblioteket sitt og viser det gjerne fram når dei har "delegasjonar" på besøk. Og no var det altså vår tur til å ta eit nærare blikk på det.
Kom og bli med oss inn i biblioteket ein tur:
| Her er vi på veg inn døra til Vestre Toten folkebibliotek - open og fin inngang! |
| Eksponeringshyller frå "Opening the book" som skal friste til lån. Desse kan vi også anbefale! |
| Ein raudmala vegg bak skranken kvikkar opp lokalet. |
| Reolane var grå med frosta endar - noko som ga eit stilig og reint inntrykk. Skilta var sett oppå reolane og var godt lesbare. Vi likte imidlertid ikkje at dei nederste hyllene var så lavt nede. |
| Utstilling av nye bøker. |
| Ungdomskroken |
| Barneavdelinga |
| Fin barneavdeling, men vi synest det var lite biletbøker utstilt. |
| Dei hadde laminert forsider av populære bøker - ein god ide for å vise at biblioteket har bøkene, sjølv om dei er utlånt? |
| Kategorisering - her er det bøker om fest som er samla. |
| Berit og Ingunn slappar av i avis- og tidsskriftkroken, ein krok som var "inneramma" av kun reolar, ei artig løysing. |




