I samband med Bibliotekdagane 2010 i fylket var Rachel Van Riel invitert. Ho har m.a. gitt ut boka "The Reader-friendly Library Service" og er kjent for "Opening the Book"-konseptet. Vi vart overraska då fylkesbiblioteksjefen og Rachel med følge melde sin ankomst for å avlegge oss eit besøk i forkant av Bibliotekdagane. Ho trengte ikkje lang tid på å foreslå endringar hos oss...Ho meinte også at lokalet vårt hadde mange mulegheiter. Ho stilte oss kritiske spørsmål - og lurte m.a. på kvifor vi hadde "gøymt" krim- og spenningsbøkene lengst bak i lokalet. Ho meinte også at dei syrebeisa trehyllene våre var altfor gamaldagse og gav eit "utdatert" inntrykk. Veldig greit å få nokon til å sjå med nye auger på oss!
Ho tok mange bilete, for seinare å kunne kome med innspel til endringar hos oss.
Heile personalet var til stades på Bibliotekdagane for å få ny inspirasjon. Både Rachel Van Riel sitt innlegg var spanande, og det var det også å høyre kva Veste Toten folkebibliotek hadde gjort og fått til. Dei er det folkebiblioteket i Norge som har tatt mest i bruk tankegangen til "opening-the-book".
Lite ante vi då om at vi ein vakker dag skulle få ta turen dit for å studere det nærare...
 |
| Eit lite glimt frå Vestre Toten folkebibliotek |
Vi forplikta oss til å stille til rådvelde kr. 50.000 frå eige budsjett som skulle kome prosjektet til gode, og vi bestemte oss for å investere i nokre nye eksponeringshyller frå "opening-the-book" - fire utstillingshyller og ei ny boktralle. Etter nokre månaders bruk kan vi rapportere om at desse fungerer godt, spesielt den med lengste "vingane" som du kan sjå til høgre på biletet over. Kan anbefalast!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar