Biblioteksjef og einingsleiar for kultur hadde eit møte med PBD-avdelinga like etter nyttår for å drøfte mulegheitene for å få gjort noko med lokalet, og vi vart møtt med positiv velvilje. Vaktmesterstyrken kunne hjelpe oss med ombygging og maling, men hadde eit ønske om å få gjort det så tidleg på året som råd. Vi trengte imidlertid litt tid til å få gått igjennom samlinga vår med tanke på kassering. Container vart bestilt og kom på plass 19.januar. -Og då kunne kasseringsrunda snart starte!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar