Med uvurderleg hjelp frå tilsette ved fylkesbiblioteket starta vi ein grundig gjennomgang av heile boksamlinga. Her var det fleire kriterier som låg til grunn for kva vi luka ut. Det vart sett både på siste utlån av bøker, aktualitet, slitasje med meir.
Sjølv om vi tidlegare har kassert mange bøker, så var det mykje meir å ta, både fag- og skjønnlitteratur for barn, ungdom og vaksne. I denne runda har vi kassert omlag 20% av boksamlinga. Vi har også kvitta oss med VHS-filmar.
Biletbøker og filmar forsøker vi å selge, men det meste går rett i containaren...
![]() |
| Aslaug Hundvebakke vurderer fagbøker. |
![]() |
| Vidar Kursetgjerde i aksjon med skjønnlitteraturen. |
![]() |
| -Og personalet slettar bøker i katalogen med liv og lyst. |
Vi lånte handlekorger hos Bunnpris i etasjen under oss, og dei var veldig greie å ha til å samle og forflytte bøker i.
I barne- og ungdomsavdelinga var Berit Hjertø i aksjon:
![]() |
![]() |
| -Og slik såg det ut etter at Berit Hjertø hadde gjort sitt! |





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar