30. okt. 2012
OMBYGGINGSPERIODEN
Ombyggingsarbeidet starta med riving av veggar 15. mai. Kontoret og eit bøttekott vart tatt bort for å opne opp publikumsarealet mot vindauga og lyset, dører vart flytta og elektriske ledningar hang og dingla både her og der...Både snekkarar og elektrikarar var i arbeid, og dei tilsette hadde nok å gjere med å tene brukarane frå filialen som hadde utvida opningstid. Både telefon og datalinjer vart kutta, så vi måtte "rømme" huset denne perioden. Biblioteksjefen fekk låne eit kontor på rådhuset frå mai-sept. for å kunne vere nokonlunde "operativ". Plan-bygg-og drift -avdelinga med John Magne Eikrem i spissen hadde ansvaret for å koordinere byggearbeidet og innhente tilbod frå eit malarfirma og eit elektrofirma samt snekkarar. Det var ein del "stillstand" i perioden fram mot sommaren, og dette gjorde oss litt frustrerte. Så skulle alle ha ferie...Malarfirmaet fekk ikkje bestilt inn nok golvbelegg i tide, og dermed vart legginga av dette utsett til etter sommarferien, dvs. august.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar