Første leveransen av reolar kom i slutten av august, og då starta bibliotekpersonalet det store arbeidet med å få på plass igjen hundrevis av flyttekasser med titusenvis av bøker...Takka vere god merking av kassene av erfarne folk frå fylkesbiblioteket gjekk det greit å finne fram og få bøkene i system igjen. Bokkassene var stabla på europallar frå golv til tak, og ved hjelp av jekketralle og god vaktmesterhjelp gjekk det greit å få trilla dei til sin rette plass. Det vart likevel mange tunge tak for dei tilsette, men med ein stor porsjon arbeidslyst og godt humør gjekk arbeidet bra, sjølv om det sette sine spor i både rygg, armar og skuldrar. Vi brukte arbeidsdagane godt og klarte å få dette til utan ekstra overtidsarbeid/kveldsjobbing. Vi hadde nok ikkje klart det utan å gå tilbake til "normal" opningstid på filialen (ope 3 dagar i veka).Dette var eit valg vi gjorde, sjølv om det førte til eit redusert bibliotektilbod til publikum i september månad.
Elektrikarane ville at alt skulle ha sin fast plass før lysarmaturane og lampane vart festa opp, så i denne perioden var det både vaktmesterar, malarar, golvleggarar, elektrikarar, snekkarar og bibliotekpersonell i sving. Amfiet i barneavdelinga vart bygt og ferdigstilt berre nokre dagar før opninga.
Utanom det reint praktiske i lokalet - som tok veldig mykje tid - skulle også andre ting planleggast og gjennomførast: innkjøp av diverse utstyr som m.a. kaffemaskin, bestille merking til reolar og inngangsdør, sørge for at hyller og anna som skulle til lakkering vart henta og bringa, drive budsjettarbeid, mase på vaktmesterhjelp, arrangere bokfest for Sommarles-deltakarar, etterbestille hyller, finne dag til nedvask, planlegge opningsfest...
Vi fekk beskjed om at godstolane som vi hadde bestilt ikkje ville bli leverte før i november, og det var ein liten "nedtur". Det hadde sjølvsagt vore kjekt å få dei på plass til opninga, men vi synest det var viktigare å få opna opp dørene igjen etter 5 mnd. stenging av hovudbiblioteket. Vi hadde aldri trudd at det skulle ta så lang tid. Men det har vi lært: ting tar tid, og tid er ein kritisk faktor i slike prosjekt. Mange aktørar er involvert, og ting skal klaffe i høve til kvarandre. Ein må hugse på at dette vart eit mykje større prosjekt enn det vi først hadde rekna med, og det er vi utruleg glade for! Tenk å få denne store mulegheita til å endre eit tradisjonelt 80-tals bibliotek til å bli eit meir moderne bibliotek! Det er ein biblioteksjefs draum som har gått i oppfylling!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar