15. aug. 2012

STENGT BIBLIOTEK

Frå 2. mai vart hovudbiblioteket stengt. Endeleg kom dagen som vi hadde venta så lenge på!
Dette var ein ny "milepæl" i prosjektet.
Det er ikkje med lett hjarte ein stenger dørene for publikum, men eit slikt stort og omfattande prosjekt krev det. For å bøte litt på dette vart opningstidene ved filialen vår utvida frå tre til seks opningsdagar pr. veke.
Underteikna kjøpte opp alle flyttekassene som var å få tak i hos Staples - det gjekk med mange fleire enn ein kunne førestille seg! Det vil seie fleire hundre...
Dyktige, erfarne og effektive medhjelparar frå fylkesbiblioteket hjalp oss med å pakke alle bøker ned i kasser og merke dei godt. Den store jobben var gjort på tre dagar! Stor takk til Berit Hjertø, Hilde Gjessing og Katrine Solberg for uvurderleg god hjelp!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar