15. aug. 2012

VIKTIGE AVGJERDER

I mars og april vart det halde planleggingsmøter, både med PBD-avdelinga i kommunen og i prosjektgruppa. Dialogen med interiørarkitekt har vore tett, og viktige avgjerder vart tatt, m.a. valg av golvbelegg - både type (linoleum) og farge. Vi på biblioteket hadde også eit sterkt ønske om å kvitte oss med dei oransje reolane - som for oss representerer 80-talet og eit "gammalt" inntrykk som vi no hadde lyst bort i frå. Vi kom litt seint på banen med dette, for tanken og oppdraget til interiørarkitektane var gjenbruk.
Dessutan tok dei utgangspunkt i dei oransje reolane ved fargeval på veggar. Men vi bestemte oss for å satse på kvite hyller - for det hadde vi ein del av frå før i biblioteket.

Våren var også ei tid for innspel på planløysinga til arkitektane. Vi er også spent på kor mykje hylleplass vi får etter ombygginga. Utifrå ønsket om å få plassere alle fagbøkene (også q-bøker) i same oppstillingssystem, måtte vi velge breie (30 cm) hyller og færre i høgda for å få plass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar