15. april var det nytt prosjektmøte med interiørarkitektane til stades, og vi var veldig spente på kva planløysing dei ville foreslå.
Dei hadde tatt utgangspunkt i mest mogleg gjenbruk av hyller.Hylleplasseringa var ikkje så heilt ulik dagens løysing, men dei hadde "rydda" litt for å få naturlege linjer og også med tanke på betre universell utforming.
Dagens kontor og skrankeareal er tenkt flytta til bakre del av lokalet, slik at publikum skal kunne nyte lys og utsikt ved dei store glasvindauga. Her var det foreslått fleire gode sittegrupper.
I barne- og ungdomsavdelinga var det heilt nye tankar. Det var teikna inn ei stor og oval "bokhole"/scene midt i rommet, med benkar og biletbokkasser på utsida, pluss eit amfi til å sitte på i eine hjørnet av rommet.
Elisabeth fekk sjokk då dei foreslo å male den største veggen i lokalet oransje! Vi har ein del oransje hyller i biblioteket vårt, og desse var dei vi ønskte mest av alt å få fjerna, fordi dei minner oss om 80-talet. Nye auger ser imidlertid nye mulegheiter, og bra er det. Men slike drastiske forslag må nok modnast litt...
Golvbelegget er ikkje fint, og det vil bli fleire "sår" når ein skal rive veggar, så det er absolutt ønskeleg å få nytt dersom økonomien tillet det.
Det vert spanande å sjå korleis det vert på sula bibliotek når dykk er ferdige med oppussinga.
SvarSlett