Som ein del av biblioteksatsinga i fylkesplanen for Møre og Romsdal, vart det sett i gang eit planmessig arbeid for å profilere og gjere folkebiblioteka i fylket meir synlege. I mars 2010 vart folkebiblioka inviterte til å søke på tilskot til å utvikle eit eksempelbibliotek i Møre og Romsdal. Dette hadde vi på Sula bibliotek lyst til å vere med på, og 24. april 2010 sende vi inn vår søknad om å bli eksempelbibliotek.
Sula bibliotek sitt hovudbibliotek i Langevåg skulle feire 30-års jubileum 14. august 2010, og vi tenkte at etter 30 år i eksisterande lokale, så kunne det vere på tide med litt fornying. Vi synest også at det var på tide at folk "gjenoppdaga" biblioteket sitt og for eit fantastisk tilbod det er. Vi såg på dette som ei unik mulegheit til å få gjere noko med dette. Vårt store ønske var at fleire skulle få opp augene for kva eit bibliotek anno 2010 kan vere: moderne, mangfaldig og levande. Vi hadde også eit sterkt ønske om å få vere så synlege at alle kjenner biblioteket og opplever det som "sitt".
Gjennom sommaren gjekk vi spent og venta på svar på søknaden vår, og gleda var stor då vi fekk telefon frå fylkesbiblioteket med beskjed om at vi var valgt ut til å bli eksempelbibliotek. Den gode nyheita vart kunngjort av fylkesbiblioteksjef Ellen K. Molvær på jubileumsarrangementet vårt laurdag 14. august.
| Fylkesbiblioteksjef Ellen K. Molvær kunngjer at Sula bibliotek er valgt ut til å vere eksempelbibliotek |
| -Og her er den glade gjengen på Sula bibliotek! |
Dette er et spennende prosjekt! Skal bli artig å følge bloggen framover!
SvarSlettVeldig god begynnelse her!
SvarSlettSkal jeg hjelpe til med å lage en "header"?
Ja takk Katrine
SvarSlett